Vårsola ligg lågt på den blåe himmelen, vinden stryk meg varsamt på kjaken i det eg går ut av bilen på Eidsvoll saman med dei flotte rosakledde damene i LKB, frå rundt om i det langstrekte landet vårt.
Tekst: Dagny Sagosen Foto: Harald Stensdal

Så ligg han der framfor oss, ruvande og blenkande i sola – den o’store bygningen med den o’ store og viktige historia – Eidsvollsbygningen. Ei herleg og frydefull kjensle går gjennom kroppen og ein kjenner at her er det spesielt, men like fullt godt å vere.
Om ein berre kunne vore fluge på veggen her i dette historiske huset for godt over 200 år sidan – blant blafrande stearinlys i mørket, travle tenarar i full sving opp og ned dei smale trappene, over 100 bastante menn med større eller mindre bein i nasa, fargerike mønstertapetar og golv som gjev eit lite knirk her og der…

Atmosfæren er god, men ein kan samstundes kjenne på alvoret som framleis sit i veggane her. Det viktige arbeidet som vart gjort og som måtte gjerast for oss – for Noreg – under tidspress før «søta bror» kom heim att frå krig og elende.
Å få vere her på besøk fleire hundre år seinare – i 2026 – var berre utruleg flott, og for meg personleg ein skikkeleg høydare rett og slett! Å dele denne opplevinga saman med kjente og ukjente LKB-damer var fantastisk og det hadde ikkje blitt slik om ikkje det var for LKB Akershus sitt gode initiativ og fabelaktige planlegging. Med god hjelp frå utruleg kunnskapsrike og dyktige menneske som jobba på Eidsvoll med omvisning i bygget og som oppvarta oss med både mat og kaker, så vart dette ein dag som i alle fall eg vil hugse så lenge eg trør rundt på denne jorda 🩷
Hjarteleg takk for ein minnerik dag – klem frå LKB-Dagny 🩷
Å være tillitsvalgt i LKB er givende, og kan gi nye spennende opplevelser, som dette arrangementet som var i tilknytning til årets sentrale årsmøte. I felleskap med andre engasjerte kvinner jobber vi sammen for å spre riktig kunnskap om bekkenleddsmerter, skape samarbeidsarenaer med helsepersonell og forskere, lage arrangementer for medlemmene lokalt rundt om i landet, påvirke så vi får mer og bedre behandling og forskning på feltet. Alle tillitsvalgte bidrar med sin kompetanse, erfaring og engasjement med den kapasiteten de har for å drive LKB og for at de som opplever bekkenleddsmerter skal ha det best mulig og at de som kommer etter oss skal slippe å leve med langvarige bekkenleddsmerter.
Lytt gjerne til vår podkast «Knute i kroppen», om mammarollen med bekkenleddsmerter og hvor viktig jobben som tillitsvalgt er: https://open.spotify.com/episode/3S5e0YThGq5E5faCxoXzcA?si=sfHjVcZqSE-Xv9ey4G3FAQ
